Modalen

Nordhordland - Bjarte Leithaug

Bildeserie av Erlend Spurkeland, til sangen "Nordhordland" av Bjarte Leithaug fra CD-en "Dingle med beina" med Astrid og Bjarte Leithaug.

From Nordhordland with Love

Filmen «From Nordhordland with love» er meint til å skapa merksemd om Nordhordland som region, på ein humoristisk, fartsfylt og underhaldande måte.

Valgresultat for Nordhordland

Kommunevalget er unnagjort. Her finn du ein oversikt over resultata i dei ulike kommunane i Nordhordland.

Lindås: Kristeleg Folkeparti vart det største partiet med 26,4% av stemmene og Astrid Byrknes held fram som ordførar. I kommunestyret får KrF (8) H(2) Ap(6) Frp(5) Sp(3) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Meland: Høgre vart det største partiet med 24,2% og Nils Marton Aadland held fram som ordførar. I kommunestyret får H (6) Ap (5) SP(4) Frp (4) KrF (3) V (2) RV,SV,SD (2) og MDG (1) kommunestyrerepresentant.

Radøy: Senterpartiet  vart det største partiet med 36,7% og Jon Askeland held fram som ordførar. I kommunestyret får SP (9) H (5) Ap (4) Frp (3) KrF (2) V (2) kommunestyrerepresentantar.

Austrheim: Arbeiderpartiet vart det største partiet med 38% av stemmene og Per Lerøy blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret får Ap (6) H (5) V (2) KrF (2) Frp (1) og SP (1) kommunestyrerepresentant.

Masfjorden: Høgre vart det største partiet med 31,9% av stemmene. Karstein Jon Totland blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret  får H (6) Ap (3) KrF (2) Sp (2) Frp (2) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Fedje: Arbeiderpartiet vart størst partiet med 34,6% av stemmene og Kristin Handeland held fram som ordførar. I kommunestyret får Ap (5) H (4) KrF (3) Frp (2) og DEMN (1) representant.

Modalen: Samlingslista vart størst med 55,4% av stemmene og Knut Moe held fram som ordførar. I kommunestyret får SLMO (7) og SOLR (6) representantar.

Les meir om resultata på nordhordland.no og på nrk.no

 

TV-NHtube: Youtubefilmar frå Nordhordland på ein plass.

TV Nordhordland ønskjer å samle alt av videomateriale frå Nordhordland på ein plass. Me har no oppretta TV-NHtube. Her kan du sjå og LEGGE INN videoar frå Youtube, med Nordhordlandsrelatert innhald. Du kan og legge inn sjåarinnlegg. Spel inn din eigen video, last han opp på youtube og lim lenka inn i skjema på TV-NHtube (useriøst innhald vil sjølvsagt verta sletta). Veit du om snuttar frå Nordhordland på youtube, så hjelp oss med å samle dei på TV-NHtube.

Modalen utan vegforbindelse etter fleire ras

Måndag 17.januar: Strilen.no melder på si nettside at Modalen isolert frå omverda grunna ras på alle vegane inn til Mo. Også ved Farestveit mellom Mo og Øvre Helland er vegen blokkert av eit ras som gjekk natt til måndag. På vegen mellom Romarheim og Mo har det gått fleire mindre sørperas. Kåre Olav Aldal i Statens Vegvesen fortel til strilen.no at denne vegen vil verta rydda i løpet av formiddagen.

Statens Vegvesen meldte kl 10.50 at vegen mellom Romarheim og Mo er opna igjen.

Meir enn 14 000 sjåarar etter ein månad!

21.05.2010 var det 1 månad sidan TV-Nordhordland blei lansert. Til no har me hatt meir enn 14 000 unike treff/brukarar på sida vår. Til saman har det vore rundt 45 000 videovisningar, og dei besøkande har tilsaman tilbrakt ca 66 døgn på sida vår. Me tar dette som eit sikkert teikn på at TV-Nordhordland er eit tilbod folk ønskjer, og vil benytte seg av, også i framtida.

Me jobbar i desse dagar med å informere næringslivet om profileringsmulighetene som TV-Nordhordland tilbyr. For å sikre framtidig drift er me avhengig av å ha reklameinntekter på sida. Me er stolte av produktet vårt, og er ikkje flau over å presentere oss som ein attraktiv annonseplass :-)  Me vil oppfordre sjåarane til å ta ein nærere kikk på kva annonsørane våre tilbyr, etterkvart som dei dukkar opp på sida.

Er du næringsdrivande, eller kjenner du nokon du meiner burde benytte anledningen å annonsere på TV-Nordhordland? Ta kontakt!

Ønsker du å støtte TV-Nordhordland økonomisk kan du støtte ved å gje ei gåve til kontonummer: 3000 21 69386 Merk gåva med TV-Nordhordland.

Industribygg totalskadd i brann

Betongindustri AS i Modalen brann ned til grunnen, onsdag kveld, 12.mai. Dagleg leiar Audun Eidsnes, seier til bt.no at han mistenker at brannen kan ha starta i forbindelse med eit sikringsskap. Brannårsaka er ikkje klarlagt i følge Brannsjef i Lindås og Meland, Gjert Holtan.

Det er 13 ansatte ved bedrifta. Brannen skal ikkje ha ført til personskadar.

Syndiker innhold