Radøy

RHORM varmer opp for Vassendgutane

Nordhordlandsbandet RHORM, med medlemmer fra bl.a. Lindås og Meland, varmet opp for Vassendgutane i Hordabøhallen på Radøy 27. april 2011.

Mann pågripen for bensinstasjonran

I følge bt.no fekk politiet melding kl 19.42 mandag kveld, at YX stasjonen på Manger var blitt rana. Gjerningsmannen truga betjeninga med kniv, men ingen skal ha kome fysisk til skade. Væpna politi leita etter gjerningsmannen som stakk frå staden. Kl 21.05 vart ein mann i 20 åra pågripen, mistenkt for ugjerninga.  Det er ukjend kva ranaren fekk med seg.

Nordhordland - Bjarte Leithaug

Bildeserie av Erlend Spurkeland, til sangen "Nordhordland" av Bjarte Leithaug fra CD-en "Dingle med beina" med Astrid og Bjarte Leithaug.

From Nordhordland with Love

Filmen «From Nordhordland with love» er meint til å skapa merksemd om Nordhordland som region, på ein humoristisk, fartsfylt og underhaldande måte.

Valgresultat for Nordhordland

Kommunevalget er unnagjort. Her finn du ein oversikt over resultata i dei ulike kommunane i Nordhordland.

Lindås: Kristeleg Folkeparti vart det største partiet med 26,4% av stemmene og Astrid Byrknes held fram som ordførar. I kommunestyret får KrF (8) H(2) Ap(6) Frp(5) Sp(3) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Meland: Høgre vart det største partiet med 24,2% og Nils Marton Aadland held fram som ordførar. I kommunestyret får H (6) Ap (5) SP(4) Frp (4) KrF (3) V (2) RV,SV,SD (2) og MDG (1) kommunestyrerepresentant.

Radøy: Senterpartiet  vart det største partiet med 36,7% og Jon Askeland held fram som ordførar. I kommunestyret får SP (9) H (5) Ap (4) Frp (3) KrF (2) V (2) kommunestyrerepresentantar.

Austrheim: Arbeiderpartiet vart det største partiet med 38% av stemmene og Per Lerøy blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret får Ap (6) H (5) V (2) KrF (2) Frp (1) og SP (1) kommunestyrerepresentant.

Masfjorden: Høgre vart det største partiet med 31,9% av stemmene. Karstein Jon Totland blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret  får H (6) Ap (3) KrF (2) Sp (2) Frp (2) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Fedje: Arbeiderpartiet vart størst partiet med 34,6% av stemmene og Kristin Handeland held fram som ordførar. I kommunestyret får Ap (5) H (4) KrF (3) Frp (2) og DEMN (1) representant.

Modalen: Samlingslista vart størst med 55,4% av stemmene og Knut Moe held fram som ordførar. I kommunestyret får SLMO (7) og SOLR (6) representantar.

Les meir om resultata på nordhordland.no og på nrk.no

 

Radværingar om kommunevalget

Kommunevalget 2011 nærmar seg. Tv-Nordhordland besøkte tre arbeidsplassar på Manger for å høyra kva radværingane er opptekne av før valget.  

Syndiker innhold