Kristoffer Eknes

Dokumentar: Nær døden - nærare livet

Kristoffer Eknes frå Ostereidet blei utsatt for ei alvorleg trafikkulukke sommaren 2009. I løpet av eit par sekund vart livet hans dramatisk endra. Kristoffer blei eit bønneemne på facebook og på ulike arrangement gjennom sommaren, då han kjempa for livet i sjukesenga på Haukeland.

Historier til ettertanke

Eirin Markhus omkom i ei tragisk ulykke på 15.årsdagen sin, etter å ha blitt påkjøyrd, då ho og ei veninne kryssa vegen v/frekhaug senter. Bilisten køyrde i 114km i 60 sona. Foreldra, Berit og Lars Arne Markhus, delte historia om tapet av den kjære dottera deira med nærare 400 lyttande ungdomar. Ungdomane fekk og høyre Kristoffer Eknes fortelle om mc-ulykka, som nesten kosta han livet, i fjor sommar. Dette er sterke historier som gjer inntrykk, Fleire av dei som sat i salen var klassekameratar med Eirin, då ulykka skjedde.

Tony Jensen, som er russ i år, håpar at historiane skal føre til ferre ulykker. Politiførstebetjent, Svein Arne Hatlevik, har stor tru på at dette arrangementet har stor forebyggjande verdi.

Les meir om saka på nordhordland.no

Overlevde MC-Ulykke

Kristoffer Eknes overlevde så vidt ei alvorleg mc-ulykke 19.juli 2009. Han var på vei til jobb på Os, då han frontkolliderte med ein 6 tonn tung bobil. Buss & Media heldt på med å laga ein dokumentar om Kristoffer og tida etter ulykka. Denne vert å sjå på Tv-Nordhordland i løpet av våren. Du kan sjå ein teaser frå dokumentaren her

Syndiker innhold