Austrheim

Nordhordland - Bjarte Leithaug

Bildeserie av Erlend Spurkeland, til sangen "Nordhordland" av Bjarte Leithaug fra CD-en "Dingle med beina" med Astrid og Bjarte Leithaug.

From Nordhordland with Love

Filmen «From Nordhordland with love» er meint til å skapa merksemd om Nordhordland som region, på ein humoristisk, fartsfylt og underhaldande måte.

Valgresultat for Nordhordland

Kommunevalget er unnagjort. Her finn du ein oversikt over resultata i dei ulike kommunane i Nordhordland.

Lindås: Kristeleg Folkeparti vart det største partiet med 26,4% av stemmene og Astrid Byrknes held fram som ordførar. I kommunestyret får KrF (8) H(2) Ap(6) Frp(5) Sp(3) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Meland: Høgre vart det største partiet med 24,2% og Nils Marton Aadland held fram som ordførar. I kommunestyret får H (6) Ap (5) SP(4) Frp (4) KrF (3) V (2) RV,SV,SD (2) og MDG (1) kommunestyrerepresentant.

Radøy: Senterpartiet  vart det største partiet med 36,7% og Jon Askeland held fram som ordførar. I kommunestyret får SP (9) H (5) Ap (4) Frp (3) KrF (2) V (2) kommunestyrerepresentantar.

Austrheim: Arbeiderpartiet vart det største partiet med 38% av stemmene og Per Lerøy blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret får Ap (6) H (5) V (2) KrF (2) Frp (1) og SP (1) kommunestyrerepresentant.

Masfjorden: Høgre vart det største partiet med 31,9% av stemmene. Karstein Jon Totland blir ny ordførar i kommunen. I kommunestyret  får H (6) Ap (3) KrF (2) Sp (2) Frp (2) og V (2) kommunestyrerepresentantar.

Fedje: Arbeiderpartiet vart størst partiet med 34,6% av stemmene og Kristin Handeland held fram som ordførar. I kommunestyret får Ap (5) H (4) KrF (3) Frp (2) og DEMN (1) representant.

Modalen: Samlingslista vart størst med 55,4% av stemmene og Knut Moe held fram som ordførar. I kommunestyret får SLMO (7) og SOLR (6) representantar.

Les meir om resultata på nordhordland.no og på nrk.no

 

Sør-Afrika sin energi-minister besøkte TCM

Sør-Afrika sin energi-minister Diquo Peters besøkte fredag 2.september Teknologisenter Mongstad(TCM)saman med olje-og energiminister Ola Borten Moe.

Ungdom på Næringskonferanse

Nordhordland Handverk og Industrilag inviterte til Næringskonferanse på Mongstad denne veka. 550 personar var påmeldt, inkludert ein del studentar og klassar frå vidaregåandeskule. 

Engasjerte austrheimingar før valget

Det er berre ei veke til kommunevalget. Tv-Nordhordland møtte folk på arbeidsplassen sin i Austrheim kommune, for å høyre kva folk er opptatt av før valget.  

KrF i Nordhordland

Partipresentasjon av KrF partia i Nordhordland
 
Krf for alle - Krf for Nordhordland
Krf har ordførarkandidatar som ynskjer å vera med på å forma framtidas KrF. Menneskeverd står i sentrum for politikken, og KrF har ekstra fokus på born, eldre og frivillighet. KrF meiner at det som er bra for borna er bra for alle, og arbeider for at det skal vera godt å bli gamal i kommunane i Nordhordland. Vidare er det ei kjennsgjerning at alt det frivillige arbeidet som vert gjort i Norge er viktig. Utan frivillighet stopper Norge. Difor ynskjer KrF i Nordhordland å styrke det frivillige arbeidet.

 

Havsport-TV (søndag)

Siste dag av Havsportveka. Bli med på Jolleseiling, Vannscooter og Helikoptersafari. Me oppsummerer også veka og får vete meir om vegen vidare. Hogne Haugsdal og Elin Styve vitjar studio m.fl.

Høgdepunkt frå Havsportveka 2011

Syndiker innhold