Bedrift

Kystradioen og Radio Gnisten tilbake på direkten i Nordhordland

Fra fredag 1. april kan radiolyttere i Nordhordland igjen høre direkte formiddagssendinger fra Kystradioen og Radio Gnisten. (FM 104,8 - 103,6 - 106,0 - 106,8 - 100,0 MHz)

Nyordningen er kommet i stand gjennom samarbeid med Nordhordlandsnettet, som administrerer sendernettet der lyttere er vant med å finne Radio PR og Radio Osterøy. De siste tekniske hindrene ble overvunnet i forrige uke, og prøvesendinger er allerede på luften. Kystradioen sender mandager, tirsdager og fredager kl. 09-11, mens Radio Gnisten kan høres alle hverdager fra kl. 11-13. I tillegg kommer kvelds- og helgesendinger for begge radioene.

Det var i fjor sommer at Kystradioen og Radio Gnisten mistet muligheten til å sende på dagtid, som en følge av Medietilsynets konsesjonstildelinger.  I november kom Kystradioen tilbake med dagsendinger på Sotra gjennom en avtale med Radio Sotra. Nå utvides dekningsområdet for disse sendingene, samtidig som også Radio Gnisten kommer tilbake på dagtid.

- Vi har fått mange tilbakemeldinger fra lyttere som savner å høre oss om formiddagen. Derfor betyr det mye for oss å få sende live formiddagsradio også til Nordhordland, sier daglig leder Bjørn Inge Sagstad i Kystradioen.

Kystradioen viderefører sin linje som en allmenradio på kristen grunn, og satser på norsk musikk og aktuelle innslag fra Bergen og kystkommunene. Radio Gnisten vil gi lyttere i Nordhordland blant annet intervjuer og reportasjer fra tro og kirke, møter med mennesker med spennende historier, andakter og musikk.  De to radioene har i lang tid hatt et godt samarbeid.

Elprice er konkurs

(09.03.2011) Ba.no melde i går kveld om at Elprice drift har slått seg sjølv konkurs. Selskapet har slitt i motbakke i seinare tid, og har hatt fleire eigarar. Tøff konkurranse er årsaken seier dagleg leiar Knut Voigt til ba.no.

(01.03.2011)I følge strilen.no har Elprice i Knarvik stengd dørene. Frå sentralt hald bekreftar dei at butikkane i Knarvik og på Sartor senter på Straume er nedlagd. På spørsmål frå Strilen om kjeden slit økonomisk, fekk dei til svar at dei ikkje har noko informasjon om dette, men at fleire opplysningar vil komme seinare.

Unikt innblikk: Frå tømmer til trelast

Her får du ein unik filmopplevelse og eit unikt innblikk i prosessen "frå tømmer til trelast". Bak filmen står selskapet Panorama Hardanger og fotograf Leif-Kåre Havås, betre kjend som FPV-Leif (Vimeo). Dei fleste videoopptaka er gjort med noko som vert kalla Octocopter (youtube). Octocopter er ein fjernstyrt innretning, spesiallaga for fotografering frå lufta. I filmen får du også være med ein tur gjenom saga og produksjonssystemet ved Granvin Bruk. Me reknar med at mykje tømmer frå Nordhordland har vore gjennom denne prosessen, samt at sluttresultatet er å finna i mange bustadar i vår region.

Ein brøytesjåfør sin kvardag

Tett snødrev, dårleg sikt, møtande trafikk, små marginar, folk i vegbana og lange dagar er noko brøytesjåførane må forhalde seg til i desse dagar. Her kan du bli med på ein arbeidsdag bak rattet (i høg hastighet) mellom Seim, Eikanger, Hjelmås og Myking. Opptaka er gjort med fastmontert kamera.

Firmapresentasjon: Fiskenett AS

Fiskenett AS er ei tradisjonsrik bedrift på Radøy.

AS Fiskenett blei etablert i 1961 og er i dag ein moderne fiskeredskapsprodusent med 45-50 ansatte. Dei heldt til på Manger, der vegen går over til Toska. Dei har eigen djupvasskai med lengde på 110 meter.

I moderne lokaler på meir enn 6.000 kvadratmeter har dei notbøteri, lager for snurpenøter og eigen notline produksjon. Dei produserer, monterer og reparerer nøter til fiskeri og fiskeoppdrett.

Buss & Media AS har produsert denne bedriftspresentasjonen på oppdrag frå Fiskenett AS.

TV-Nordhordland har ein eigen bedriftskategori, der me vil presentera ulike bedrifter. Ta kontakt dersom du kunne tenke deg ein presentasjon av di bedrift.

Første offisielle sending på TV Nordhordland

21. april 2010 kl. 19 gjekk TV Nordhordland offisielt på lufta. Dette er opnings-sendinga.

Presentasjon av TV Nordhordland

Dette er ein kort presentasjon av nettsida til TV Nordhordland som er utvikla av Kleiveland Musikk og Media.

Lansering av Tv-Nordhordland 21.april

Buss & Media AS satsar stort på Tv i Nordhordland. Resultatet av satsinga er å lansere web-Tv konseptet: Tv-Nordhordland 21.april. Tv-Nordhordland vil primært inneholde nyhetsklipp og artiklar frå regionen. I tillegg satsar Buss & Media på å kunne sende direkte frå ulike arrangement. Dette har dei god erfaring med frå tidlegare.

Studio-sendingar, dokumentarar og underholdningsinnslag vil også bli ein del av web-satsinga. Målet er å dekka Nordhordlandskommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen og Radøy med Tv-reportasjar.

Buss & Media jobbar i desse dagar med å informera kommunar og næringsliv om satsinga, samt legge det økonomiske grunnlaget som trengs for å halde Tv-produksjonen på eit akseptabelt nivå.

Næringsliv, organisasjonar og privatpersonar oppfordrast til å være med å støtte satsinga økonomisk, men også gjennom tips og freelance virksomhet.

Ta kontakt med::

Dagleg leiar: Jon Ingar Kjenes på 41004113 / post@bussogmedia.no 

Journalist: Ingvild Førde Flatøy på 56175046 / ingvild@bussogmedia.no

for spørsmål, tips og informasjon.

 

MTI AS

Syndiker innhold