Ulykke

Bil i fjellveggen

Ein bil har køyrd i fjellveggen ved Holme i Meland kommune. Ulykka skal ha skjedd ca kl 09.45. Ein person er frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse, skadeomfanget er ikkje kjend. Skadestadsleiar ved Nordhordland Lendsmannsdistrikt, Rolf Pedersen, opplyser til strilen.no at føraren var aleine i bilen då ulykka skjedde. Bilen skal, i følge vitneobservasjonar, ha komt utfor vegen med hjula på høgre side, for så å skrense over i motsatt køyrefeldt og endt i fjellveggen.

Foto: Jonn-Roger Mjelde

Bil mot lastebil i Knarvik

Ei kvinne vart send til legevakta, med lettare skader, etter ein kollisjon i krysset ved Shellstasjonen. Både helsepersonell, politi og brannvesen var raskt på staden. Personbilen skulle ut frå krysset ved Shellstasjonen og i retning rundkjøringa, medan lastebilen var på veg mot Ostereidet.

Begge køyretøya fekk store skader. Lastebilen var i køyrbar stand etter samanstøyten, medan bilen vart henta av bergingsbil. Ulykka skjedde mandag kl 11.45.

Mann omkom i motorsykkelulykke

Ein 42 år gamal mann omkom i ei motorsykkelulykke på Skintveit i Meland. Politiet fekk melding om ulykka kl 18.35. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til motorsyklisten sto ikkje til å redde.

Motorsyklisten har komt frå Rossland i retning Frekhaug og har kollidert med hestehengaren til ein møtande bil. Ulykka skjedde i begynnelsen av ein skarp sving i 80 sona.

kl 20 starta mannskap frå vegvesenet og politietaten dei tekniske undersøkingane. Vegen vil verte stengd til arbeidet er ferdig.

Ingen i den møtande bilen vart fysisk skada.

Kollisjon på Frekhaug

To bilar kolliderte på vegen mellom Esso stasjonen og Frekhaug senter kl 08.10 mandags morgon. Ein person vart send til legevakt for undersøking. Vegen måtte stengjast i forbindelse med fjerning av bilane og trafikken vart dirigert om Sagstad. Det er ein nyfrest asfaltkant i vegbane der ulykka skjedde, og det kan sjå ut til den fremste bilen har bremsa ned for denne, og dermed blitt påkøyrd bakfrå. Vegen vart opna for trafikk kl 08.45.

Lastebåt på grunn

(Foto: Christer Steffensen) Lasteskipet Straumvik gjekk på grunn v/Håøy i 16 tida. Skipet hadde stor fart då det rende inn i fjæresteinane. Det er meldt om hol i ein ballasttank. Einar Vatne opplyste til bt.no, onsdag, at årsaka til grunnstøytinga var at kapteinen sovna. Det er ikkje mistanke om promille.

5 bilar i kjedekollisjon på Hagelsundbrua

5 bilar kjedekolliderte på hagelsundbrua kl 15.15. Ulykka skjedde i samband med at køen over brua stoppa opp. To av bilane måtte fjernast frå staden av bergingsbil. Ingen skal ha vorte alvorleg skadd, men ein vart send med ambulanse for sjekk på legevakta.

Bil i grøfta på Myking

Ein bil med to personar, begge i slutten av tjueåra, havna på taket etter ei utforkøyring på Myking skjærtorsdag. Politiet fekk melding om hendinga kl 20.48. Operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Asbjørn Andersen, seier til bt.no at begge personane vart køyrd til Haukeland Universitetssjukehus for sjekk, men at truleg ingen av dei skal være alvorleg skada. Det er teke blodprøve av personane.

Kollisjon på Fløksand

To biler kolliderte front mot front på Fløksand litt før klokka 15.00 i dag. Minst ein person er sendt til legevakten. Vegen var svært glatt i området.

Front mot front på Seim

To bilar kolliderte front mot front på Rydland på Seim litt før klokka tolv tirsdag. Ein person er sendt til Haukeland i ambulanse og ein til legevakta i Knarvik. Ingen av dei to førarane hadde bilbelte på.

Kollisjon på Nordhordlandsbrua

Syndiker innhold