TV Nordhordland

Populært med nett-tv frå NM Brass

Nærare 100 000 sidevisningar og 7500 unike sjåarar var resultatet av Nett-Tv satsinga til Norges Musikkorps Forbund 12. februar. Dette er enormt høge tal og utruleg morosamt seier, kommunikasjonssjef i NMF, Stig Ryland. Les meir på NMF si nettside. TV Nordhordland / Buss & Media AS stod for kameraproduksjon og sending. Sjå bilete frå produksjonen på facebook

Følg TV-NH på Twitter

TV-NH har oppretta eigen profil på Twitter. Det betyr at du frå no av kan halde deg oppdatert på siste nytt frå TV Nordhordland ved å legge deg til som "follower".

Twitter er eit amerikansk gratis nettsamfunn og ein mikrobloggingtjeneste som lar brukarane sende og lese andre brukarar sine oppdateringar (på engelsk kalt tweets), som er tekstbaserte meldingar beståande av inntil 140 tegn.

Ordet twitter betyr kvitring, som i fuglekvitring.

(Kjelde: Wikipedia)

TV-NH på iPhone

Du kan no sjå TV Nordhordland reportasjar på iPhone. Fleire sjåarar har etterlys dette, og no er betaversjonen klar. Dersom du klikkar på det blå Ikonet etter overskrifta, vil videoen starte. Me vil gjerne ha tilbakemeldingar om du er førnøgd med tilbodet, eller om du opplever at det ikkje fungerer slik du ønskjer. Du finn oss på facebook eller du kan sende mail til: tips@tvnordhordland.no

TV-NH med eigen reportasjebil

8. januar fekk TV Nordhordland sin eigen reportasjebil. Leigebilen er ein Toyota Avensis og er levert av Eknes Karosseri. Me takkar dagleg leiar, Eirik Eknes, for ein god leigeavtale og god service. Reportasjebilen vil bidra til at me lettare kan dekke nyhetssaker frå heile Nordhordland. Dekoren er det Reklamehuset som har produsert. Hugs å tips oss om det skjer noko i ditt nærmiljø! 41004113 eller tips@tvnordhordland.no

5 på gata om TV-NH

Få visste kva TV-Nordhordland er då våre utsendingar tok ein runde i distriktet. Men dei fleste hadde klare meiningar om kva dei ville sjå på TV-NH. Ein blei til og med så begeistra at han no visste kva han skulle bruka resten av livet sitt til.

Vi beklagar litt dårleg lyd på siste innslag, men budskapet er ikkje til å ta feil av :-) Verdt å sjå!

Første offisielle sending på TV Nordhordland

21. april 2010 kl. 19 gjekk TV Nordhordland offisielt på lufta. Dette er opnings-sendinga.

Presentasjon av TV Nordhordland

Dette er ein kort presentasjon av nettsida til TV Nordhordland som er utvikla av Kleiveland Musikk og Media.

Syndiker innhold