Omkom

Søstre omkom i trafikkulukke

To unge kvinner omkom i ei trafikkulukke på strekninga E39 ved Ostereidet. Personbilen med dei to unge kvinnene blei knust i møte med ein trailer. Les meir på nordhordland.no

Mirella blei berre 19 år

Mirella Nordbø Austrheim blei berre 19 år gamal. Ho omkom i ei trafikkulykke på vegen mellom Lindås og Austrheim 20.09.2008. Kort tid etter ulykka er broren hennar passasjer i ein bil, der sjåføren vert drepen etter å ha køyrd av vegen. Her kan du høyre mor deira, Linda Nordbø, be ungdomar om å lære av det som har skjedd. bt.no har i desse dagar eit stort fokus på trafikkulykker, og har i den forbindelse laga denne reportasjen.

3 dødsulykker på 5 år gjer Austrheim til ein av landets hardast ramma kommuner.

Les meir om historia til Nordbø  på bt.no

Historier til ettertanke

Eirin Markhus omkom i ei tragisk ulykke på 15.årsdagen sin, etter å ha blitt påkjøyrd, då ho og ei veninne kryssa vegen v/frekhaug senter. Bilisten køyrde i 114km i 60 sona. Foreldra, Berit og Lars Arne Markhus, delte historia om tapet av den kjære dottera deira med nærare 400 lyttande ungdomar. Ungdomane fekk og høyre Kristoffer Eknes fortelle om mc-ulykka, som nesten kosta han livet, i fjor sommar. Dette er sterke historier som gjer inntrykk, Fleire av dei som sat i salen var klassekameratar med Eirin, då ulykka skjedde.

Tony Jensen, som er russ i år, håpar at historiane skal føre til ferre ulykker. Politiførstebetjent, Svein Arne Hatlevik, har stor tru på at dette arrangementet har stor forebyggjande verdi.

Les meir om saka på nordhordland.no

Syndiker innhold