Nordhordland lensmannsdistrikt

Mann omkom i motorsykkelulykke

Ein 42 år gamal mann omkom i ei motorsykkelulykke på Skintveit i Meland. Politiet fekk melding om ulykka kl 18.35. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til motorsyklisten sto ikkje til å redde.

Motorsyklisten har komt frå Rossland i retning Frekhaug og har kollidert med hestehengaren til ein møtande bil. Ulykka skjedde i begynnelsen av ein skarp sving i 80 sona.

kl 20 starta mannskap frå vegvesenet og politietaten dei tekniske undersøkingane. Vegen vil verte stengd til arbeidet er ferdig.

Ingen i den møtande bilen vart fysisk skada.

Kollisjon på Frekhaug

To bilar kolliderte på vegen mellom Esso stasjonen og Frekhaug senter kl 08.10 mandags morgon. Ein person vart send til legevakt for undersøking. Vegen måtte stengjast i forbindelse med fjerning av bilane og trafikken vart dirigert om Sagstad. Det er ein nyfrest asfaltkant i vegbane der ulykka skjedde, og det kan sjå ut til den fremste bilen har bremsa ned for denne, og dermed blitt påkøyrd bakfrå. Vegen vart opna for trafikk kl 08.45.

Overfallsvaldtekt i Meland. Politiet treng tips frå publikum.

Politiet etterlyser ein mann i 40-50 års alderen etter ei overfallsvaldtekt i Meland fredag 30.september. I følge Kjell Idar Vangberg v/Nordhordland lensmannsdistrikt skal ei kvinne ha tatt opp ein haiker ved krysset til Tveit. Då dei kom til Krysset på Meland, like ved kyrkja, skal vedkommande ha bede kvinna om å stoppe, for deretter å ha forgrepe seg på henne. Ugjerninga skal ha skjedd ca kl 12.15. Gjerningsmannen skal være mellom 1.80 og 1.85 høg, litt fyldig, har mørkt kort hår, måne, grålig flipp skjegg, var ikledd ein mørk grå dress og snakka ei blanding av bergens og østlandsdialekt. Personen forlot åstaden til fots. Det var gravferd i kyrkja, like etter ugjerninga fann stad.  Har du tips i saka. Kontakt politiet på 02800.

Politiet etterlyser ein eldre mann i ei gullfarga stasjonsvogn

- Vi vil ha kontakt med ein eldre person i gullfarga stasjonsvogn, i 75-års alderen, pent kledd i mørk dress. Vedkommande spurte etter vegen nede på Tveit, seier lensmann Einar Vatne til avisa nordhordland. Han presiserer at mannen ikkje har noko med saka å gjera, men at politiet vil snakka med han i forhold til m.a. tidpspunkt.

5 bilar i kjedekollisjon på Hagelsundbrua

5 bilar kjedekolliderte på hagelsundbrua kl 15.15. Ulykka skjedde i samband med at køen over brua stoppa opp. To av bilane måtte fjernast frå staden av bergingsbil. Ingen skal ha vorte alvorleg skadd, men ein vart send med ambulanse for sjekk på legevakta.

Båttjuveri utløyste leiteaksjon

Både helikopter, frivillige og politi rykka ut til Litlebergen i Meland, då det kom melding om at ein båt var observert drivande utan folk ombord. Politiet fekk meldinga kl 12.40.

Les meir på  nordhordland.no

Gode tal frå politiet

Fredag 7. januar la Nordhordland lensmannsdistrikt fram statistikk frå året 2010. Straffesaker har gått ned, og politiet har ein høg oppklaringsprosent på forbrytelsar. Politiet er ikkje nøgd med talet på drepte i trafikken og talet på gjeldssaker.

Fyllekøyrde, krasja og stakk av

Ulykka skjedde ca kl 19:58 på Seim. Bilen var på veg i retning Lindås. Sjåføren forsvant frå ulykkesstaden, men blei seinare tatt hånd om av politi og helsepersonell og sendt til Haukeland universitetssjukehus. I følge operasjonsleiar ved Hordaland politidistrikt, Preben Wallestad, er det mistanke om promille. Seinare på kvelden kunne operasjonsleder i Hordaland politidistrikt, Sigmund Vestrheim, informere om at sjåføren måtte tilbringe natta i drukkenskapsarresten (kilde: bt.no og nrk.no/hordaland).

Les meir om saka i Avisa Nordhordland onsdag og på nordhordland.no mandag.

Syndiker innhold