Brannvesen

Historier til ettertanke

Eirin Markhus omkom i ei tragisk ulykke på 15.årsdagen sin, etter å ha blitt påkjøyrd, då ho og ei veninne kryssa vegen v/frekhaug senter. Bilisten køyrde i 114km i 60 sona. Foreldra, Berit og Lars Arne Markhus, delte historia om tapet av den kjære dottera deira med nærare 400 lyttande ungdomar. Ungdomane fekk og høyre Kristoffer Eknes fortelle om mc-ulykka, som nesten kosta han livet, i fjor sommar. Dette er sterke historier som gjer inntrykk, Fleire av dei som sat i salen var klassekameratar med Eirin, då ulykka skjedde.

Tony Jensen, som er russ i år, håpar at historiane skal føre til ferre ulykker. Politiførstebetjent, Svein Arne Hatlevik, har stor tru på at dette arrangementet har stor forebyggjande verdi.

Les meir om saka på nordhordland.no

Syndiker innhold