Nytt

Tidenes skrivefeil? Sjekk stillingsannonsa frå Firda Seafood

Ei noko uvanleg stillingsannonse sto på trykk i Avisa Strilen torsdag 19. april. Utlysnigsteksten opplyste at Firda Seafood i Gulen er på jakt etter personar med utdannelse innan akvakultur og "evne til å arbeide med levende orgasmer samt teknisk innsikt vil være en fordel. Deltakelse i vaktordning må påregnes".   Ansvarlig Redaktør i Strilen, Hans E. Storheim er kjend med feilen og erkjenner at det er avisa som har svikta med korrekturlesinga. Han ler av hendinga og uttaler til ba.no at det er slikt som kan skje i kampens hete, og han beklagar det som har skjedd. Sjefen i oppdrettselskapet derimot håpar at skrivefeilen kan bidra til auka merksemd om den ledige stillinga. Heile stillingsannonsa og resten av historia finn du på ba.no.

(For dei som lurte, så skulle det stått levande organismar :-)

 

 

Foto: http://geekphilosopher.com

Mann pågripen for bensinstasjonran

I følge bt.no fekk politiet melding kl 19.42 mandag kveld, at YX stasjonen på Manger var blitt rana. Gjerningsmannen truga betjeninga med kniv, men ingen skal ha kome fysisk til skade. Væpna politi leita etter gjerningsmannen som stakk frå staden. Kl 21.05 vart ein mann i 20 åra pågripen, mistenkt for ugjerninga.  Det er ukjend kva ranaren fekk med seg.

Bil i fjellveggen

Ein bil har køyrd i fjellveggen ved Holme i Meland kommune. Ulykka skal ha skjedd ca kl 09.45. Ein person er frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse, skadeomfanget er ikkje kjend. Skadestadsleiar ved Nordhordland Lendsmannsdistrikt, Rolf Pedersen, opplyser til strilen.no at føraren var aleine i bilen då ulykka skjedde. Bilen skal, i følge vitneobservasjonar, ha komt utfor vegen med hjula på høgre side, for så å skrense over i motsatt køyrefeldt og endt i fjellveggen.

Foto: Jonn-Roger Mjelde

Musikkvideo frå ansatte i Lindås kommune vart toppsak på Dagbladet.no

Musikkvideoen, dei ansatte i Lindås kommune laga til si eiga fagsamling, har blitt ein youtubehit. Og 12.desember vart musikkvideoen toppsak på dagbladet.no.

Morgan Taule, som står bak prosjektet, seier til dagbladet.no at det var ei utfordring å få alle leiarane i kommunen til å bli med. Men til slutt stilte dei sporty opp, og resultatet kan du sjå her

Det er Christer Steffensen frå Frekhaug/Lindås som står bak filmproduksjonen.

Les meir om filmen på dagbladet.no

Bil mot lastebil i Knarvik

Ei kvinne vart send til legevakta, med lettare skader, etter ein kollisjon i krysset ved Shellstasjonen. Både helsepersonell, politi og brannvesen var raskt på staden. Personbilen skulle ut frå krysset ved Shellstasjonen og i retning rundkjøringa, medan lastebilen var på veg mot Ostereidet.

Begge køyretøya fekk store skader. Lastebilen var i køyrbar stand etter samanstøyten, medan bilen vart henta av bergingsbil. Ulykka skjedde mandag kl 11.45.

Dokumentar: Nær døden - nærare livet

Kristoffer Eknes frå Ostereidet blei utsatt for ei alvorleg trafikkulukke sommaren 2009. I løpet av eit par sekund vart livet hans dramatisk endra. Kristoffer blei eit bønneemne på facebook og på ulike arrangement gjennom sommaren, då han kjempa for livet i sjukesenga på Haukeland.

Mann omkom i motorsykkelulykke

Ein 42 år gamal mann omkom i ei motorsykkelulykke på Skintveit i Meland. Politiet fekk melding om ulykka kl 18.35. Både politi, ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til motorsyklisten sto ikkje til å redde.

Motorsyklisten har komt frå Rossland i retning Frekhaug og har kollidert med hestehengaren til ein møtande bil. Ulykka skjedde i begynnelsen av ein skarp sving i 80 sona.

kl 20 starta mannskap frå vegvesenet og politietaten dei tekniske undersøkingane. Vegen vil verte stengd til arbeidet er ferdig.

Ingen i den møtande bilen vart fysisk skada.

Flott turområdet ser ut som ei bossdynge

Fleire turgåarar på veg til Håøytoppen har reagert på at det flotte turområdet no ser ut som ein svinesti. Boss flyt rundt nede ved strandsona i Eidevika og bossekkar med boss ligg nede ved sjøen. Det har også blitt observert sprøyter med innhold av blod og ymse.
 
Håøytoppen høyrer til Flatøy i Meland kommune, og er eit turområde som blir mykje brukt heile året. Skular i Meland har dugnad kvart år for å rydde badevika. Eidevika, derimot, har ikkje vore rydda på fleire år, seier Oddmund Dingen i Bergen og Omland Friluftsråd. Tidlegare har Flatøy grendelag hatt årleg ryddedugnad med hjelp frå Friluftsrådet, NGIR og Meland kommune, men dei siste åra har ingen tatt ansvar og bosset har hopa seg opp ved turstien til Håøytoppen.
 
Friluftsrådet lovar at dersom nokon tar initiativ til ein slik dugnadsdag, skal friluftsrådet bistå med hjelp. 

 

Kollisjon på Frekhaug

To bilar kolliderte på vegen mellom Esso stasjonen og Frekhaug senter kl 08.10 mandags morgon. Ein person vart send til legevakt for undersøking. Vegen måtte stengjast i forbindelse med fjerning av bilane og trafikken vart dirigert om Sagstad. Det er ein nyfrest asfaltkant i vegbane der ulykka skjedde, og det kan sjå ut til den fremste bilen har bremsa ned for denne, og dermed blitt påkøyrd bakfrå. Vegen vart opna for trafikk kl 08.45.

Syndiker innhold