Kultur

Musikkvideo frå ansatte i Lindås kommune vart toppsak på Dagbladet.no

Musikkvideoen, dei ansatte i Lindås kommune laga til si eiga fagsamling, har blitt ein youtubehit. Og 12.desember vart musikkvideoen toppsak på dagbladet.no.

Morgan Taule, som står bak prosjektet, seier til dagbladet.no at det var ei utfordring å få alle leiarane i kommunen til å bli med. Men til slutt stilte dei sporty opp, og resultatet kan du sjå her

Det er Christer Steffensen frå Frekhaug/Lindås som står bak filmproduksjonen.

Les meir om filmen på dagbladet.no

Glimt frå landbruksdagen på Hundvin

(FOTO: Atle Vaage) Folk kom i hopetal til den årlege landbruksdagen på Hundvin 2. oktober. Her fekk dei sjå alt frå saueklypping til motorsagkunst, traktorar, høns og handarbeid. Her kan du sjå nokre glimt frå dagen.

Flatøy Rock Festival er komen for å bli

Vegard Flatøy og kompisgjengen har for 4.året på rad, stelt i stand ein rockefestival på Flatøy. Rekordmange møtte opp på årets Flatøy Rock, ein festival som er komen for å bli.

Intense øvingsdagar på Håkonshaugen

Det er full aktivitet på Håkonshaugen på Seim om dagen. Spelet om Håkon den gode skal settjast opp 11-13. august. Regissør Leif Egil Vatnøy lovar storslåtte forestillingar.

Virtual Insanity - Til ettertanke

Film til ettertanke. Filmen er laga av Film og TV-linja ved  Bildøy Bibelskule

Film di 17. mai feiring

Bli med å dokumenter 17.mai feiringa 2011 i Nordhordland. Me ønskjer å få videoinnslag frå heile Nordhordland. For å få dette til treng me hjelp av deg!

Film ein liten snutt med mobilkamera, fotoapparatet eller videokamera og last den opp på youtube. Deretter linker du filmsnutten på TV-NH Tube

Ta kontakt på e-post: tips@tvnordhordland (tvnh@bussogmedia.no) eller ring 41004113 for meir informasjon

 

Mvh Jon Ingar Kjenes.

Folkefest for Manger Musikklag

30. april vann Manger Musikklag Europameisterskapet i brassband i Montreux i Sveits. Fredag 6.mai arrangerte Radøy kommune folkefest for vinnarane i Radøyhallen.

Manger Musikklag vann EM!

Manger Musikklag gjekk heilt til topps i EM for brassband i Montreux i Sveits og slo korps nummer to med heile fire poeng.
- Dette er heilt fantastisk. Vi er strålande fornøgd og kjempeglad over seieren, seier den nybakte europameisteren og leiaren av Manger Musikklag, Nils-Arne Træland til spilleglede.no (Norges Musikkorps Forbund). Les også på nordhordland.no

Sjå reportasje frå EM oppkøyringa.

Dansa Dansens Dager-dans

Over 300 elevar på Sagstad skule var med på markeringa av Dansens Dager fredag 29. april kl.12.00. Over 10 000 dansande deltakarar over heile landet har øvd inn den same korografien.

Syndiker innhold