Kristenliv

Øystein og Chris kjem til Nordhordland

Tysdag 21.juni kjem radarparet Øystein og Chris til Knarvik. I showet vil du møte buktalar Chris og dukka Øystein på 9 år, som har det kristne budskapet i fokus. 

klikk her for å lesa meir om arrangementet.

Egil Svartdahl vitja Frekhaug

Spenstig familiedag

Mange og kreative aktivitetar for store og små prega familiedagen på Hillesvåg førre søndag. Fleire hundre møtte opp i finveret.

Tverrkyrkjeleg konfirmasjon

Også i år var det duka for tverrkyrkjeleg konfirmasjon på Nordhordland Folkehøgskule. Eit titals frimenigheter har samarbeidd om konfirmantundervisninga TENTRO dette skuleåret.

Det var i år tretten konfirmantar som feira høgtida i ein fullsett festsal 30. april, der Arve Reigstad heldt fest-talen.

Foto: Chris Martin Kleiveland

Påskesang

Team Sulebakk (Sulebakkgjengen) gav i 2009 ut DVD`n "Toppen av alt". Påskesang er ein av filmane frå denne. Det er Barbro Wiig Andersen som har skreve tekst og melodi og Bertine Sulebakk som syng. Musikkvideoen er produsert av Buss & Media AS. Les meir om Team Sulebakk på heimesida deira.

Barn veit kvifor vi feirar påske

Sæbø barnehage hadde gul fest med påskelunsj og sjokoladejakt før palmehelga. 5-åringane Tv-Nordhordland snakka med diskuterte ivrig påskebodskapen.

Team Sulebakk med ny CD

Team Sulebakk hadde slepp konsert i Meland kyrkje torsdag 24.februar. Dei er no ute med plate nr 5 i rekkja, som har fått tittelen: Face it. Ei nærare fullsatt kyrkje fekk med seg smakebitar frå den nye plata, som har eit meir ungdommeleg preg ein tidlegare utgjevingar. Konserten var ikkje berre prega av Team Sulebakk og materiale frå den nye plata. Fleire ungdommar bidrog med dans, sang og musikk.

Håtta du songjen?

"Håtta du songjen" blei for tredje gang arrangert i Ostereidet kyrkje søndag 20. februar. Flinke solistar, kor og band samla folk til ei fullsatt kyrkje.

-Fantastisk med Soul Church

Ostereidet kyrkje arrangerte "Soul Church" på familiegudstjenesten 6.februar. Leknes barnekor Kyrios og Ostereidet barnekor stod for det meste av liturgien.

Syndiker innhold