Dokumentar

Virtual Insanity - Til ettertanke

Film til ettertanke. Filmen er laga av Film og TV-linja ved  Bildøy Bibelskule

Ung for alltid

"Ung for alltid" er ein dokumentarfilm laga av Christer Steffensen. Helga Leithaug (81) og Synne Lykkebø Hafsaas (18) reflekterer over det å være ung. Christer Steffensen har tre filmer nominert til filmfestivalen Amandus, inkludert denne.  

Påkøyrd på 15-årsdagen

Eirin Markhus omkom i ei tragisk ulykke på 15.årsdagen sin, etter å ha blitt påkjøyrd, då ho og ei veninne kryssa vegen v/frekhaug senter. Bilisten køyrde i 114km i 60 sona. Foreldra, Berit og Lars Arne Markhus deler historia, i håp om at andre ungdomar ikkje missbruker friheten bak rattet.

Reportasjen er laga av Bttv (bt.no) og er ein del av ein serie med fokus på trafikkulykker i Hordaland.

Her kan du sjå foreldra til Eirin dele historia si med russen på Nordhordland folkehøgskule tidlegare i år.

Mirella blei berre 19 år

Mirella Nordbø Austrheim blei berre 19 år gamal. Ho omkom i ei trafikkulykke på vegen mellom Lindås og Austrheim 20.09.2008. Kort tid etter ulykka er broren hennar passasjer i ein bil, der sjåføren vert drepen etter å ha køyrd av vegen. Her kan du høyre mor deira, Linda Nordbø, be ungdomar om å lære av det som har skjedd. bt.no har i desse dagar eit stort fokus på trafikkulykker, og har i den forbindelse laga denne reportasjen.

3 dødsulykker på 5 år gjer Austrheim til ein av landets hardast ramma kommuner.

Les meir om historia til Nordbø  på bt.no

Sjukdom stoppar ikkje mål og draumar

Dei fleste har mål og draumar, nokon blir sett ut i livet, andre forblir berre draumar. Folk som har større hindringar for å nå draumen, jobbar kanskje ekstra hardt for å nå målet. Eirik Næss er av denne typen.

Møte med ein drapsmann

Fredag 3.mars 2006, blei Harald Bakkebø skutt og drept i ei Brakke på Mjåtveitflaten i Meland. I denne portrett-dokumentaren får du møte drapsmannen, Rolf Sagstad. Dokumentaren blei laga i 2008 av ei prosjektgruppe ved Universitet i Bergen. I 3.semester fekk dei i oppgåve å lage eit portrett. Dette portrettet skulle være ei samarbeidsoppgåve mellom Nye-Medier, Film og Tv og Journalistikk-studenter. Nye-Medier studentene, Regine O. Sagstad og Olav Røtne hadde ansvar for å lage ei nettside filmen kunne bli presentert på, og i tillegg hadde Olav Røtne ansvar for stillbilda som blei tatt. Film og Tv-studentene Ingrid Nordheim og Thorvald Nilsen hadde ansvar for å lage portrettfilmen og Journaliststudentene Helge Johan Kalleklev, Anne Jorunn Oterhals og Andreas Røen hadde ansvar for intervju og anna tekst på nettsida.

Du finn meir informasjon om Rolf og om soningsstaden Ulvsnesøy på heimesida til prosjektet

Les også om saka i Avisa Nordhordland 5.mai, og på www.nordhordland.no

Presentasjon av TV Nordhordland

Dette er ein kort presentasjon av nettsida til TV Nordhordland som er utvikla av Kleiveland Musikk og Media.

Sjølvbyggjarane i Meland

Sjølvbyggjarane i Meland er ein dokumentar om et nasjonalt pilotprosjekt gjenomført  i Meland kommune i perioden 2003-2008.  Du kan lese meir om bakgrunn og innhold i prosjektet ved å klikke her. Dokumentaren er produsert av Buss & Media AS

Prosjekt gjeldsrådgjeving

Meland kommune starta eit nasjonalt pilotprosjekt i 2007 med fokus på gjeldsforebyggjande arbeid blandt unge. Buss & Media AS var delaktig i gjenomføringa, og laga dokumentar frå den første prosjektperiode i 10.klassane i Meland. Dokumentaren har blitt vist på nasjonale konferansar med fokus på temaet. No kan du og få den med deg her på Tv-Nordhordland. Kanskje får du med deg nokon nyttige tips også? 

Syndiker innhold