Følg gravferda til Vinkemannen, John Johnsen, direkte på TV-NH

TV Nordhordland sender direkte frå Ostereidet kyrkje frå kl 11.00 onsdag 6.oktober.

John Johnsen døyde 27.september 88 år gamal. Johnsen, betre kjend som Vinkemannen, har vinka til forbipasserande bilistar i ei årrekje. Han har trufast stått langs E39 mellom Leknes og Hillesvåg for å oppmuntra, samt be ei bøn for dei han møtte.

Vinkemannen fullførte kallet sitt, at så lenge helsa holdt, skulle han vinke til bilane langs vegen.

Den enkle oppgåva Johnsen utførte har gjort eit stort inntrykk på mange.

Etter at Johnsen døyde, har meir enn 8000 personar blitt tilhengjarar på minnesida R.I.P Vinkemannen på facebook. Samt at mange av desse har sendt helsingar på sida.

Historia om John Johnsen er eit sterkt døme på at eit viktig bodskap ikkje, nødvendigvis, treng formidlast med store ord.

 

 

Ei noko uvanleg stillingsannonse sto på trykk i Avisa Strilen torsdag 19. april. Utlysnigsteksten opplyste at Firda Seafood i Gulen er på jakt etter personar med utdannelse innan akvakultur og "evne til å arbeide med levende orgasmer samt teknisk innsikt vil være en fordel. Deltakelse i vaktordning må påregnes".  ...

I følge bt.no fekk politiet melding kl 19.42 mandag kveld, at YX stasjonen på Manger var blitt rana. Gjerningsmannen truga betjeninga med kniv, men ingen skal ha kome fysisk til skade. Væpna politi leita etter gjerningsmannen som stakk frå staden. Kl 21.05 vart ein mann...

Ein bil har køyrd i fjellveggen ved Holme i Meland kommune. Ulykka skal ha skjedd ca kl 09.45. Ein person er frakta til Haukeland Universitetssjukehus i ambulanse, skadeomfanget er ikkje kjend. Skadestadsleiar ved Nordhordland Lendsmannsdistrikt, Rolf Pedersen, opplyser til strilen.no at f...

Musikkvideoen, dei ansatte i Lindås kommune laga til si eiga fagsamling, har blitt ein youtubehit. Og 12.desember vart musikkvideoen toppsak på dagbladet.no.

Morgan Taule, som står bak prosjektet, seier til dagbladet.no at det var ei utfordring å få alle leiarane i kommunen til å bli med. Men til slutt stilte dei sporty opp, og resultatet kan du...

kvikktab2